Vi brukar informasjonskapslar for optimalisering av brukaroppleving og marknadsføringsformål.

Les meir Ok

Ulsteinbadet er nok ikkje det største badelandet du har besøkt, men kanskje det vakraste…

Ulsteinbadet
Opnar 1. august
Dette grunna koronasituasjonen og byggeaktivitet ved anlegget.
Mån-fre frå 03. aug til 14. aug
09.00-21.00
Mån-fre frå 17. aug
15.00-21.00
Laur-søn frå 01. aug
11.00-18.00
Reserverte tider

Ulsteinbadet

Om Ulsteinbadet / Prisar / Arrangement / Fasilitetar / Bildegalleri / Leige / Kontakt / Reglement

Om Ulsteinbadet

Ulsteinbadet opnar igjen laurdag 1. august kl. 11.00.

Vi har laga nokre enkle, men viktige retningslinjer for at besøket i Ulsteinbadet skal bli ei god oppleving.

  • Personar som ikkje er friske/ har symptom på forkjøling har ikkje tilgang til Ulsteinbadet.
  • Alle som ønskjer å besøke Ulsteinbadet skal først påføre handsprit, og kan deretter kjøpe billett og registrere namn/telefonnummer.
  • Vis omsyn til andre besøkande når du er i garderobane, – vis omsyn og hald avstand!
  • Med bakgrunn i auka fokus på smittevern, har vi redusert maksimalt besøkstal til 100 personar, noko som kan føre til ein del ventetid. Maksimal besøkstid er difor sett til to timar.

I Ulsteinbadet finn du 25 metersbasseng, stup 1 m – 3 m – 5 m, vass-sklie, varmtbasseng, jacuzzi, barnebasseng, badstu og kafeteria.

På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til skulebading, medan det er ope for offentlig bading på ettermiddag og helgar, samt morgonbading to dagar i veka. Sjå opningstider øvst.

Tysdagar kl. 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert for damebading.

Terapibadet/varmbadet vert leigd ut, sjå oversikt på lenka her.

Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.

Det vert høve til å kjøpe seg ein enkel frukost i kafeen etter bading.

Velkomne!

Les meir om muligheita for barnebursdag i Ulsteinbadet på denne linken.

Både Ulsteinbadet og Ulstein Arena er universelt utforma. I Ulsteinbadet har vi mellom anna eige terapibad med rullestolrampe. Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon.

Når du betalar for inngong i Ulsteinbadet (eller syner gyldig årskort) vil du få utlevert eit armband. Dette må du ha på deg så lenge du er i Ulsteinbadet.

Ønsker du å handle i kiosken i våtsona, kan du nytte armbandet som betalingsmiddel, og armbandet nyttast også til å låse garderobeskap og verdibokser.

Du gjer opp for eventuell handling i badet når du forlet badet.

Armbandet er personleg og kan ikkje nyttast av fleire personar som inngangsbillett.

For å bade aleine i Ulsteinbadet må du vere fylt 10 år og vere symjedyktig.

Prisar

Kvardag
Barn under 2 år 50,-
Barn u/ 16 år/honnør/student 100,-
Vaksen 110,-
Familie 2 pers 200,-
Familie 3 pers 275,-
Familie 4 pers 350,-
Familie 5 pers 425,-
Familie 6 pers 500,-
Klippekort born, 10 klipp (15-23 % rabatt) 850,-
Klippekort vaksen, 10 klipp (14-21 % rabatt) 950,-
Bading + klatring same dag 150,-
Laurdag, søndag og helgedagar
Barn under 2 år 50,-
Barn u/ 16 år/honnør/student 110,-
Vaksen 120,-
Familie 2 pers 210,-
Familie 3 pers 300,-
Familie 4 pers 375,-
Familie 5 pers 450,-
Familie 6 pers 525,-
Bading + klatring same dag 170,-
Årskort
Barn under 2 år
Barn u/ 16 år/honnør/student 2800,-
Vaksen 3500,-
Familie 2 pers 4900,-
Familie 3 pers 5800,-
Familie 4 pers 6500,-
Familie 5 pers 7000,-
Familie 6 pers 7500,-

 

Abonnement pr kvartal
Barn under 2 år
Barn u/ 16 år/honnør/student 800,-
Vaksen 1000,-
Familie 2 pers 1350,-
Familie 3 pers 1575,-
Familie 4 pers 1750,-
Familie 5 pers 1875,-
Familie 6 pers 2000,-
  • Familie gjeld min. ein vaksen/maks. to vaksne + registrerte barn.
  • Ved kjøp av familieårskort og -abonnement må alle i familien vere med for å ta bilde.
  • Barn under to år har ikkje årskort, men betalar kr 50,- pr gong inkl. badebleie.
  • Årskort, gåvekort og abonnement kan kjøpast/teiknast i kafeteriaen i Ulstein Arena.
  • Abonnement gjeld til det vert sagt opp. Oppseiing skal skje skriftlig til annika.brandal@ulstein.kommune.no, seinast ein månad før fornying av abonnement.

Arrangement

Morgonbading

Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl. 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.
Les meir

Fridykking og undervassrugby

Har du lyst å trene fridykking og undervassrugby saman med Ulstein og Hareid Dykkerklubb (UHDK)?
Les meir

Damebading

Tysdagar kl 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert damer.
Les meir

Fasilitetar

I Ulsteinbadet finn du 25 metersbasseng, stup 1 m – 3 m – 5 m, vass-sklie, varmtbasseng, jacuzzi, barnebasseng, badstu og kafeteria.

Bla opp