Babysymjing

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon

Vi startar med babysymjing i Ulsteinbadet frå måndag 4. oktober.

Baby 2-6 mnd
Måndag kl. 11.00-11-30 og onsdag kl. 14.30-15.00
2 x pr veke, 5 veker. Oppstart 4. oktober.

Baby 6-12 mnd
Måndag kl. 09.00-09.30 og onsdag kl. 14.00-14.30
2 x pr veke, 5 veker. Oppstart 4. oktober.

Maks 8 deltakarar pr kurs.

Praktisk informasjon

  • Kr 1650,- per barn.
  • De får eit klippekort med 10 inngongar som skal brukast til kursdagane. Om de ikkje kan kome ein dag, så har de klipp til overs som de kan nytte når de vil (ein vekedag).
  • Antall kursdeltakarar: minimum 4, maksimum 8 per kurs.
  • Heile kursavgifta betalast i resepsjonen.
  • Vi tek atterhald om at ved få deltakarar på eit kurs kan anten kurset bli slått saman med eit anna kurs, tidspunkt kan bli endra eller kurs bli avlyst. I så tilfelle blir ein varsla før oppstart.
  • Om ein er to vaksne betalar ekstra vaksen kr 100,- i inngang.
  • Alle kurs går på same tidspunkt og dag, med to kursdagar pr veke.
  • Timane vert holdt i terapibadet.
  • Alle babyar må ha på seg tettsittande badetøy og badebleie (kan kjøpast i vår badebutikk).

Påmelding
Send namn på barn, fødselsdato, namn foresatte, telefon, kva kurs de ynskjer å delta på og evt. kommentarar vi bør vite til annika.brandal@ulstein.kommune.no.