Spesielle tider i Ulsteinbadet

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon

På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til skulebading, medan det er ope for offentlig bading på ettermiddag og helgar, samt morgonbading to dagar i veka. Sjå opningstider øvst.

25 meters-bassenget opnar kl. 15.00 for fritidsbad på kvardagar og terapibassenget opnar kl. 16.00. I helgane har heile anlegget ope kl. 11.00-18.00.

Torsdagar er begge bassenga utleigd til kurs fram til kl. 19.00. 

Morgonbading
Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl. 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.

Utleige av terapibadet/varmtbadet
Terapibadet/varmtbadet er reservert til utleige fylgjande tider:

  • Alle kvardagar kl. 15.00-16.00
  • Torsdagar kl. 14.00-19.00

Då er også HC-garderobene i bruk av leigetakar.

Utlegging av banedelarar til fritidssymjing og trening
Alle dagar mellom kl 15.00 og 18.00, vil det ligge ute tre til fire baner, reservert dei som vil symje. Nokre av banene vil vere reservert til idrettslaga, men det skal alltid ligge ut ei bane for den som vil symje i fritida.

Måndagar og torsdagar ligg tre til fire banedelarane ute heile opningstida (stupetårnet er stengt desse to dagane).