|
|
Vi har laga nokre enkle, men viktige retningslinjer for at besøket i Klivrehallen skal bli ei god oppleving.
Klivrehallen har same opningstider som Ulstein Arena. Du må ha brattkort for å få tilgang til Klivrehallen, og må ha med eige utstyr. Hendvend kafeteriaen for tilgong.
På nokre tider er Klivrehallen booka. Oversikt over dette finn du i kalendaren her: Kalendar for Klivrehallen (google-kalender, ekstern link)
Dei utan brattkort kan få tilgang når Klivrelaget har vakter i hallen. Grunna covid-19 er det for tida ikkje aktivitet i hallen med vakter. Informasjon vert lagt på nettside og Facebook ved oppstart igjen.
Det er ikkje lov å ta med mat og drikke inn i Klivrehallen. Ta av fottøy rett inn for døra.
Klivrehallen vert drifta i samarbeid med Klivrelaget. Ynskjer du å leige Klivrehallen med eller utan intruktør, ta kontakt med Klivrelaget på ulsteinklivrelag@gmail.com eller 900 64 952.
Klivrelaget sin visjon er at vi skal klare å legge til rette for at alle som vil skal ha moglegheit til å drive med klatring i alle former og på alle nivå. Inne og ute, frå den heilt urøynde til den profesjonelle, frå buldring til tindebestigning.
På nokre tider er Klivrehallen booka.
Oversikt over dette finn du i kalendaren her: Kalendar for Klivrehallen (google-kalender, ekstern link)