Vi brukar informasjonskapslar for optimalisering av brukaroppleving og marknadsføringsformål.

Les meir Ok

Ulstein bibliotek finn du i første etasje på Ulstein Arena.

Biblioteket
Kvardagar
08.00-21.00
Tysdagar og fredagar
06.30-21.00
Laurdag og søndag
11.00-18.00
Tider med betening
Sjå eiga oversikt under

Biblioteket

Om biblioteket / Arrangement / Fasilitetar / Bildegalleri / Lån av biblioteket / Kontakt / Reglement

Om biblioteket

Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen. Biblioteket er eit ledd i et biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet.

Biblioteket vil vere ope i heile opningstida til Ulstein Arena.

Bemanna opningstider:
Måndag: kl. 14.00-19.00*
Tysdag: kl. 14.00-19.00*
Onsdag: kl. 11.00-14.00*
Torsdag: kl. 14.00-19.00*
Fredag: kl. 11.00-15.00*
Laurdag: kl. 11.00-14.00
Søndag: Meirope

* Utanom bemanna opningstid er biblioteket meirope frå kl. 08.00-21.00 på kvardagane og kl. 11.00-18.00 i helgane.

Bemanna opningstider i sommar (24.06-18.08):
Måndag: kl. 14.00-18.00*
Tysdag: kl. 14.00-18.00*
Onsdag: Meirope
Torsdag: kl. 14.00-18.00*
Fredag: kl. 11.00-15.00*
Laurdag: Meirope
Søndag: Meirope

* Utanom bemanna opningstid er biblioteket meirope frå kl. 08.00-21.00 på kvardagane og kl. 11.00-18.00 i helgane.

Sjå også nettsida for å søkje etter bøker med meir her: http://mrbiblioteket.no/ulstein

Arrangement

Spelekveld på Biblioteket

Velkomen til brettspelkveld med Ulstein Brettspelklubb kvar måndag på Ulstein bibliotek.
Les meir

Kunsten å ikkje kaste mat

Forfattar Thomas Horne tek turen til Ulstein bibliotek for å snakke om korleis vi kan unngå matsvinn.
Les meir

Opningstider i vinterferien

Vinterferien står for tur, og Ulsteinbadet og Ulstein bibliotek held ope for alle i vinterferien, sjå opningstider under. Klivrehallen er også open, for deg med brattkort. Idrettshallen er stengt for trening grunna UlsteinLAN. Opningstider i veke 9: Måndag-fredag kl. 09.00-21.00 Tysdag og fredag kl. 06.30-21.00 Laurdag og søndag kl. 11.00-18.00 Velkomne!
Les meir

Fasilitetar

Biblioteket er eit gratis offentleg tilbod for alle.

I Ulstein bibliotek finn du bøker, aviser og tidsskrift. Du kan også låne lydbøker, dv-dar og språkkurs. Kommunale sakspapir og anna offentleg informasjon finn du også her.

Det vi ikkje har kan vi skaffe frå andre bibliotek over heile landet.

På biblioteket kan du sitte å lese, gjere lekser, studere eller møte andre. Du kan kopiere, scanne eller låne ei av dei mange datamaskinene. Vi har gratis internett.

Ulstein bibliotek er eit meirope bibliotek, det betyr at du kan låne og levere materiell når personalet ikkje er tilstade.
Biblioteket er ditt. Bruk det!

Bla opp