Barnebursdag
Har du lyst å feire bursdagen din i Ulsteinbadet? Vi legg til rette for bading, mat og noko søtt!
Bursdagspakken vår inkluderer inngong til Ulsteinbadet (inntil 2 timar), ei valfri brus, eit pizzastykke og ein valfri is, for kr 185,- pr pers (+ kr 20,- for eit ekstra pizzastykke pr pers).
Praktisk informasjon:
- Selskapet startar i tørrkafeen med mat, før bading og innlagt ispause undervegs.
- For grupper større enn 16 stk har vi ikkje plass til å servere mat i forkant, men de kan sjølvsagt feire dagen med brus og is i bassenget.
- Foreldra til bursdagsbarnet får gratis inngong til badet. Voksne utover dette betalar kr 50,- for inngong.
- Borna må vere symjedyktige eller ha fylgje med ein vaksen.
- Det er ikkje høve til å ha med medbrakt mat.
- Vi har glutenfri meny, ta kontakt med oss for nærae avtale.
- Dagar for barnebursdag: tysdag, onsdag og fredag. (ingen selskap i vinterferien, veke 8).
Barneselskap bestillast på e-post til ulsteinbadet@ulstein.kommune.no ei veke på førehand, med antall gjestar. Atterhald om kapasitet.