Ulsteinbadet er nok ikkje det største badelandet du har besøkt, men kanskje det vakraste…

Ulsteinbadet
Opningstider i jula
Kvardagar
15.00-21.00
Morgonbading tysdag og fredag
06.30-08.00
Damebading tysdag
19.30-21.00
Laurdag og søndag
11.00-18.00
Reserverte tider

Ulsteinbadet

Om Ulsteinbadet / Prisar / Arrangement / Fasilitetar / Bildegalleri / Leige / Kontakt / Reglement

Om Ulsteinbadet

Laurdag 1. desember feirar vi mellom anna Ulstein Arena 1 år. Det er då gratis bading i Ulsteinbadet, les meir HER.

I Ulsteinbadet finn du 25 metersbasseng, stup 1 m – 3 m – 5 m, vass-sklie, varmtbasseng, jacuzzi, barnebasseng, badstu og kafeteria.

På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til skulebading, medan det er ope for offentlig bading på ettermiddag og helgar, samt morgonbading to dagar i veka. Sjå opningstider øvst.

Tysdagar kl. 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert for damebading.

Terapibadet/varmbadet vert leigd ut, sjå oversikt på lenka her.

Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.

Første dag med morgonbading vert tysdag 9. januar. Det vert høve til å kjøpe seg ein enkel frukost i kafeen etter bading.

Velkomne!

Les meir om muligheita for barnebursdag i Ulsteinbadet på denne linken.

Både Ulsteinbadet og Ulstein Arena er universelt utforma. I Ulsteinbadet har vi mellom anna eige terapibad med rullestolrampe. Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon.

Når du betalar for inngong i Ulsteinbadet (eller syner gyldig årskort) vil du få utlevert eit armband. Dette må du ha på deg så lenge du er i Ulsteinbadet.

Ønsker du å handle i kiosken i våtsona, kan du nytte armbandet som betalingsmiddel, og armbandet nyttast også til å låse garderobeskap og verdibokser.

Du gjer opp for eventuell handling i badet når du forlet badet.

Armbandet er personleg og kan ikkje nyttast av fleire personar som inngangsbillett.

For å bade aleine i Ulsteinbadet må du vere fylt 10 år og vere symjedyktig.

Prisar

Kvardag
Barn under 2 år 50,-
Barn u/ 16 år/honnør 100,-
Vaksen 110,-
Familie 2 pers 200,-
Familie 3 pers 275,-
Familie 4 pers 350,-
Familie 5 pers 425,-
Familie 6 pers 500,-
Klippekort born, 10 klipp (15-23 % rabatt) 850,-
Klippekort vaksen, 10 klipp (14-21 % rabatt) 950,-
Helg
Barn under 2 år 50,-
Barn u/ 16 år/honnør 110,-
Vaksen 120,-
Familie 2 pers 210,-
Familie 3 pers 300,-
Familie 4 pers 375,-
Familie 5 pers 450,-
Familie 6 pers 525,-
Årskort
Barn under 2 år
Barn u/ 16 år/honnør 2800,-
Vaksen 3500,-
Familie 2 pers 4900,-
Familie 3 pers 5800,-
Familie 4 pers 6500,-
Familie 5 pers 7000,-
Familie 6 pers 7500,-

 

Abonnement pr kvartal
Barn under 2 år
Barn u/ 16 år/honnør 800,-
Vaksen 1000,-
Familie 2 pers 1350,-
Familie 3 pers 1575,-
Familie 4 pers 1750,-
Familie 5 pers 1875,-
Familie 6 pers 2000,-
  • Familie gjeld min. ein vaksen/maks. to vaksne + registrerte barn.
  • Ved kjøp av familieårskort og -abonnement må alle i familien vere med for å ta bilde.
  • Barn under to år har ikkje årskort, men betalar kr 50,- pr gong inkl. badebleie.
  • Årskort, gåvekort og abonnement kan kjøpast/teiknast i kafeteriaen i Ulstein Arena.
  • Abonnement gjeld til det vert sagt opp. Oppseiing skal skje skriftlig til annika.brandal@ulstein.kommune.no, seinast ein månad før fornying av abonnement.

Arrangement

Morgonbading

Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl. 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.
Les meir

Damebading

Tysdagar kl 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert damer.
Les meir

Fridykking og undervassrugby

Har du lyst å trene fridykking og undervassrugby saman med Ulstein og Hareid Dykkerklubb (UHDK)?
Les meir

Fasilitetar

I Ulsteinbadet finn du 25 metersbasseng, stup 1 m – 3 m – 5 m, vass-sklie, varmtbasseng, jacuzzi, barnebasseng, badstu og kafeteria.

Bla opp