Fridykking og undervassrugby

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon
Foto: www.NDF.no

Har du lyst å trene fridykking og undervassrugby saman med Ulstein og Hareid Dykkerklubb (UHDK)?

UHDK tilbyr trening i fridykking, kondisjon, styrke og UV-Rugby i Ulsteinbadet, Ulstein Arena. Passar for symjedyktige juniorar og seniorar, både gutar og jenter.

Treninga skjer i 25m bassenget onsdagar og torsdagar frå kl 20.30 til 21.15. Symjeføter skal ikkje takast i bruk før kl 20.30. UHDK stiller med instruktørar og vakter. Utøvarar nyttar familie/HC-gardrobane, og skal vere ute av garderobane kl 21.30.

Dei som vil delta på treninga må ha gjennomført oppvarming før kl 20.30 (anten symjing, jogging eller sykling), då vi startar rett på felles intervallar og kondisjonstrening med fullt fridykkerutstyr.

Pris: Betaling inngangsbillett eller abonnement ordner kvar for seg i resepsjonen Ulsteinbadet på vanleg måte. Deltakarar vert innmeldt i Ulstein og Hareid Dykkerklubb.

VELKOMMEN! Spørsmål? Kontaktperson: Håvard Stave, mob 906 15 698