Spesielle tider i Ulsteinbadet

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon

På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til skulebading, medan det er ope for offentlig bading på ettermiddag og helgar, samt morgonbading to dagar i veka. Sjå opningstider øvst.

Morgonbading
Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl. 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt. Siste dag med morgonbading før jul er tysdag 22. desember. Første dag med morgonbading etter nyttår er tysdag 5. januar.

Damebading
Tysdagar kl. 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert til damebading. Ingen damebading i romjula.

Utleige av terapibadet/varmtbadet
Terapibadet/varmtbadet er reservert til utleige fylgjande tider:

  • Måndagar kl. 15.00-16.15 (gjeld ikkje i juleferien)
  • Torsdagar kl. 14.00-16.00 og kl. 18.00-19.00 (gjeld ikkje i juleferien)
    Torsdagar kl. 19.00-20.00 frå 7. januar.
  • Fredagar kl. 14.00-16.00 (gjeld ikkje i juleferien)

Då er også HC-garderobene i bruk av leigetakar.

Utlegging av banedelarar til fritidssymjing og trening
Alle dagar mellom kl 15.00 og 18.00, vil det ligge ute tre til fire baner, reservert dei som vil symje. Nokre av banene vil vere reservert til idrettslaga, men det skal alltid ligge ut ei bane for den som vil symje i fritida.

Måndagar og torsdagar ligg tre til fire banedelarane ute heile opningstida (stupetårnet er stengt desse to dagane).