Har du lyst å klatre?

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon

Klivrehallen har same opningstider som Ulstein Arena, men har ope med vakter nokre kveldar. Då er det høve å klatre for dei som ikkje har brattkort.

Du må ha brattkort for å få tilgang til Klivrehallen når der ikkje er vakter. Hendvend kafeteriaen for tilgong. Du må ha med eige utstyr, inkl tau, når du skal klatre utanom kveldar med vakter.

Klivrehallen vert drifta av Klivrelaget, og har ope med vakter måndagar kl. 18.00-20.00. Då kan alle som ynskjer prøve å klatre. Onsdagar kl. 19.00-21.00 er det dameklatring, og du treng ikkje brattkort denne kvelden heller.

Sjå elles www.ulsteinarena.no/klivrehallen/, www.klivrelaget.no og på Facebooksida til Klivrelaget.