Idrettshallen
Kvardagar i skuleåret
08.30-21.00
Laurdag og søndag
Ope etter avtale
Opningstider i jula
Ope etter avtale
Kontakt
E-post
408 40 900

Idrettshallen

Om Idrettshallen / Prisar / Arrangement / Fasilitetar / Bildegalleri / Leige / Kontakt / Reglement

Om Idrettshallen

På dagtid vert Idrettshallen nytta til gymnastikktimar til skulane. Lag og organisasjonar kan nytte hallen på kveldstid, etter søknad. I helgane vert hallen leigd ut til idrettsarrangement, messer og andre arrangement. For meir informasjon, send oss ein epost. Du finn kontaktinformasjon under “Kontakt”.

Lag og organisasjonar som ønsker treningstid i Ulstein Arena kan søkje om dette no. Tildeling vil bli gjort i midten av desember, med virkning frå januar 2018.

Søknad skal leverast elektronisk.

Lenke til søknadsskjema om treningstid

Oversikt over tildelte treningstider og bruk av Idrettshallen i helgane finn de i kalendaren her.

Kalendar for Idrettshallen (google-kalendar, ekstern link)

Vi har tilsvarande kalendar for Ulsteinhallen (ved Høddvoll)

Kalendar for Ulsteinhallen (google-kalendar, ekstern link)

Prisar

Lag og organisasjonar trenar gratis i Idrettshallen på kveldstid. Treningstid vert tildelt etter søknad.

Leigevilkår for arrangement i Idrettshallen laurdagar og søndagar

Heil hall, lokale lag og organisasjonar 300 kr/time
3600 kr/dag
Leige pr garderobe 350 kr/dag
Leige kioskareal i tredje etasje 500 kr/dag
Heil hall, kommersielle arrangement 1000 kr/time
12000 kr/dag
Heil hall, arrangement med billettsal
NB: Billettsalet skal då gå gjennom Ulstein kommune på www.sjoborg.no
I tillegg til timeleige betalar leigetakar 10 % av brutto billettinntekter
Leige pr garderobe 700 kr/dag
Leige kioskareal 1000 kr/dag

NB! Etter leige skal alt av rusk vere samla saman/kosta opp før vask av hall, garderobar, kiosk, tribuner, kioskareal, lobby m.m. kan ta til. Manglande rydding vert fakturert med 500 kr/time.

Arrangement

Fasilitetar

Idrettshallen har ei speleflate på 25 x 45 meter, med 9 meter takhøgd. Der er merka for volleyball, badminton og handball. Vi har eige kjøkken for lag og organisasjonar, og speakerrom, PA og storskjerm som kan nyttast i tilknyting til arrangement.

Bla opp