Kunsten å ikkje kaste mat

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon

Forfattar Thomas Horne tek turen til Ulstein bibliotek for å snakke om korleis vi kan unngå matsvinn.

Tysdag 22. januar kl. 18.00.

Horne har skrive boka «Kunsten å ikke kaste mat» og vil gi deg gode tips til korleis vi kan bli flinkare til å bruke opp det vi har i kjøleskapet.

I den rike dela av verda kastar vi bortimot halvparten av all maten vi produserer. Å kutte matsvinnet er noko av det viktigaste vi kan gjere for klimaet.

Ta turen til biblioteket denne tysdagskvelden for å bli ein matreddar du også. Vi serverer gratis kaffi og gode datovaflar – håpar å sjå deg der.

Viss datoen ikkje passar, vil same arrangement føregå på Hareid folkebibliotek onsdag 16. januar kl.18.00.

Arrangementet er eir samarbeid mellom biblioteka i Hareid og Ulstein og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). SSR stiller med informasjon om den nye matavfallsordninga.