Barnebursdag

Facebook ikon Twitter ikon LinkedIn ikon

Har du lyst å feire bursdagen din i Ulsteinbadet? Vi legg til rette for bading, mat og noko søtt!

Prisar:
Kr 160,- pr pers inkluderer inngong til Ulsteinbadet (inntil 2 timar), 1 valfri brus, pizzastykke og ein valfri is. Det er ikkje høve til å ha med medbrakt mat. (Vi har glutenfri meny). Ta kontakt om de ynskjer anna mat enn pizza.

Selskapet startar i tørrkafeen med mat, før bading og innlagt ispause undervegs.

Barneselskap må bestillast ei veke på førehand, med antall gjestar. Foreldra til bursdagsbarnet får gratis inngong til badet. Voksne utover dette betalar kr 50,- for inngong.

Borna må vere symjedyktige eller ha fylgje med ein vaksen.

Bestilling av barneselskap gjerast på epost til ulsteinbadet@ulstein.kommune.no.